Mandag 18. april frå klokka 17.00-19.00 vert det dugnad på stranda. Mykje tang, rusk og rask skal bort. Magne stiller med traktor, og vi andre med jernrive eller greip. Ta med deg termosen og riva og kom. Lurer du på antrekket, så kom i dei sjøstøvlane og den oljebuksa du har.