Velkommen til dugnad torsdag 12. april kl 18.00. Vi har mykje godt forefallande arbeid å ta tak i. Grusing, spreiing av jord, reinsking av greiner, kapping av krattskog, drenering mv. Vi møtes ved grillhytta, der vi også fyrar opp grillen om veret tillet det.  Godt arbeidstøy og ulik hagereiskap kjem godt med. Sett av torsdagane framover til mykje herleg fysisk aktivitet og sosialt samvær.