Terøy har byrja med grusinga av vegar og kaiområde. Han ventar på meir stein som skal omkranse stranda og avgrense den mot sjøsida. I midten av juni kjem lektaren som skal sprøyte eit 30 cm lag med skjellesand inn i den tørrlagde delen av stranda og i volleyball bana mot vest. Før den tid vil alle delar av stranda få eit gruslag som gjer at ein kan bruke stranda. Vi håper på midlar til å kunne ferdigstille prosjektet, og vil utfordre både store og små bedrifter om å melde seg. Vi treng dykkar støtte, og eit betre prosjekt å støtte skal ein leite lenge etter!