Vi fekk gladmeldinga i forrige veke om at Sparebankstiftinga i fylket igjen har løyvd midlar til oss. I fjor fekk vi 150.000 til grillhytte. I år fekk vi eit likelydande beløp til bygging av bruer ut over holmane frå stranda. Vi er svært takksame for gåva, og vil freiste å få så mykje bru av pengane som råd er. Truleg vil vi klare å få til den første brua for desse midlane. Etter våre kalkyler treng vi 100.000 til for å få den neste brua opp også. Er det ei bedrift der ute som ønskjer å få namnet sitt på den, så er den hjarteleg velkommen.