Då er hausten her og tid for litt innekos. Legg du turen til Sørstrand i helgane, vil du finne grillhytta open. Her kan du nyte litt peisvarme, ein varm styrkedrikk og kanskje ei småkake også om du er heldig. Legg du ein liten mynt i sparebørsa vår, så held du liv i tilbodet. Skriv du ei lita helsing i hytteboka også, så er du i godt selskap.