Gladmeldinga fekk vi rett før julefreden senka seg over oss. GjensidigeStiftelsen ga foreininga full tildeling på søknaden vi la inn før søknadsfristen gjekk ut 15. september i år. Dermed vil vi kunne gjennomføre det meste av planane vi har for badestranda. Vi fekk stor honnør for prosjektet, som passar som hand i hanke i høve til kjerneverdiane til stiftinga, som er helse og tryggleik. Eit prosjekt som famnar både innbyggjarar og tilreisande i Florø, ser dei på som eit fyrtårnprosjekt.  Stiftinga ønskjer at andre gode prosjekt let seg inspirere av vårt prosjekt. Det håpar vi også.

Les også artikkel i Firdaposten (Pdf fil)