Om oss

Foreininga Sørstrand Folkepark vart stifta 1. juli 2010. Foreininga har som føremål, i samarbeid med Flora kommune, å utvikle og realisere Sørstrand Folkepark som rekreasjonsstad for fastbuande og tilreisande i Florø.

Foreininga skal legge til rette for idretts- og fritidsaktivitetar for born, ungdom og funksjonshemma og vil samarbeide med skoler, barnehagar og andre foreiningar som ønskjer å bruke parken.

Foreininga skal i sitt arbeid med å utvikle folkeparken ta vare på naturen, miljøet og de kulturminne som finns og den vil vere høyrings- og samarbeidsorgan ovanfor kommunen og andre instansar i saker som vedkjem området.

Foreininga sitt arbeid vil i stor grad vere basert på friviljug innsats frå medlemmar og andre og den vil finansiere sitt arbeid primært via ulike offentlege og private støtteordningar samt gåver.

Foreininga er upolitisk, sjølveigande og frittståande og skal drivast på ideelt grunnlag.

Medlemskap er ope for alle som ønskjer det. Som medlem har du stemmerett på årsmøtet og kan såleis påverke utviklinga av parken.