Visjonar

Prosjektet

Sørstrand Folkepark famnar gnr 28, bnr 637 og 712, eit område på 175 daa. Det ligg i namnet at ein gjennom dette prosjektet ønskjer å realisere de visjonar og planer som er skildra i områdevurderinga av Sørstrand friluftsområde. Det visast her til bakgrunnsnotatet, rullering av kommunedelplan Florelandet Brandsøy.

Prosjektet fekk sin oppstart i 2009 av eldsjeler som ønskte å realisere badestranda. Stranda slik ho er i dag er kommen i stand takka vere stor dugnadsinnsats, pengegåve frå privatpersonar, sponsorar og Flora Kommune. Stranda er på kort tid blitt ein attraksjon både for fastbuande og tilreisande.

I 2010 bestemte ein seg for å organisere prosjektet i ei eiga foreining og knytte til seg kompetanse frå ulike delar av samfunnslivet. Dette er gjennomført, og prosjektarbeidet vil no bli intensivert under den nye organisasjonen.

Trinn 1 – Badestranda

Utvikling og realisering av badestranda er første trinn i etableringa av folkeparken. Den har prioritet på kort sikt (1-2 år), og foreininga har identifisert mange små og større attraksjonar den ønskjer å realisere. Skissa over er teikna av Eskil Frøyen Nybø, på oppdrag av foreininga, og illustrerar de planer og visjonar ein har for badestranda og området rundt. Ein ser føre seg at badestranda/parken får tilkomst via Kystmuseet gjennom ein sti langs strandlinja. Dette vil knytte parken til eit eksisterande nett av turstiar mot Båtevika.

Ein ønskjer vidare å utnytte de komplementære fordelar som ligg i å knytte to så viktige attraksjonar for byen saman reint fysisk. Foreininga ser på Kystmuseet som ein viktig samarbeidspartnar i utviklinga av de kulturminne som ligg i området.

Teikninga viser fleire viktige attraksjonar. For eksempel ønskjer ein å bygge to bruer slik at ein kjem seg ut til Flatholmen. Mens stranda primært er for barnefamiliar, vil ein på Flatholmen få tilgang til djupt vatn og større spelerom for ungdom og vaksne.

Vidare planleggast det eit par bygningar i tilknyting til stranda. Det eine er eit reiskapshus. Det andre er eit leskur/grillstad til bruk når det regnar eller ein må søkje ly for været. Det kan også nyttast som salsbod for is og brus. I sommarhalvåret ser ein føre seg ei ambulerande sanitærløysing, med tømmestasjon i eit sanitærbygg i nærleiken av røyrnettet.

Stranda skal kunne nyttast av rullestolbrukarar, og ein paviljong er skissert ved inngangen til stranda, og derifrå skal ein kunne ta seg vidare ut til øyane.

Ein flåte skal ankrast opp i lagunen, og blir eit sentralt bademål. Vidare planleggast det ei bane for volleyball eller sandfotball. Fotballinteressa står sterkt i byen, så sistnemnde alternativ verkar mest spanande, men ein kombinasjon vil også være mogeleg.

De to siste åra har ein arrangert Jonsokfeiring, med 300-400 tilstades kvar av åra. Dette vil bli vidareført, og det er planlagt ein brannsikker stad for bålet.

Det er ikkje teikna inn, men ein ser føre seg ei kai for småbåttilkomst. Den kan byggast separat eller i forlenginga av ei småbåthamn, til dømes mellom Kyraholmen og halvøya i sør. Ein har også planer om eit samlingspunkt for padlarar og vindsurfarar.

Trinn 2 – Andre deler av parken

Parallelt med utviklinga av badestranda ønskjer ein å starte utviklinga av andre deler av parken. Skissa under, også teikna av Eskil Frøyen Nybø, viser foreininga sine planer og tankar for dette området.

I sørvest planleggast ein arena for ulike arrangement, frå teater til større konsertar. Ein vei med tilkomst for rullestolbrukarar planleggast gjennom dette området, som leiar til ei grillhytte/dugnadsstove, vidare til eit utsiktspunkt ved sjøen samt til krigsminne. Her ser ein føre seg skilting som skildrar stadens krigshistorie.

Den gamle garden er eit viktig kulturminne, og ein planlegg å sette opp små gardshus samt sanitærbygg i lafta tømmer, for å kunne tilby enkel gardsturisme og servering.

I nord planleggast store grøntareal og tilkomst for bubilcamping. Det bør planleggast for en tilkomst til denne delen av området via stikkveg nord for Sørstrand Barnehage, med parkeringsplassar og inngang til diverse stiar. Vidare ein veg ned til stranda der ein kan sjøsette og ta opp båtar på ein slipp i tilknyting til ei småbåthamn.

I grøntareala tenker ein seg til dømes ein ”drømmehage” for de minste og ein er ikkje framand for ein rekreasjonsstad av typen helsefarm. I sommarsesongen tenker ein seg eit tog på hjul som går i skytteltrafikk mellom byen (ringveg mellom barnehagane) og parken.

Finansieringskjelde og økonomi

Sørstrand Folkepark vil i starten i hovudsak måtte finansierast av offentlige midlar og private sponsorar. Ein ser føre seg at offentlege midlar vil gå til finansiering av viktig infrastruktur som parkering, vegnett, sanitæranlegg, kulturminne, kultivering av grøntareal etc. Private sponsorar ønskjer gjerne profilering mot populære attraksjonar, og vil vonleg finansiere ballbaner, bygningar, scener, tog etc.

Etter kvart ser ein føre seg ei større grad av sjølvfinansiering gjennom inntekter frå til dømes småbåthamn, bubilcamping, gardsturisme, utleige av lokalar og fasilitetar.

Investeringar og vedlikehald

Sørstrand Folkepark vil ventelig investere i gjennomsnitt ca. 500 – 600 tusen kroner årleg de neste 10 åra. Årlege vedlikehaldskostnadar må påreknast, ventelig i storleiken 10 prosent av investeringane, men planen er å bruke gode materialar, stor dugnadsinnsats i kombinasjon med arbeidstreningstiltak. Dette skal i sum holde kostnadane nede. Etter kvart som attraksjonane vert realisert, er planen at inntekter frå desse skal dekke vedlikehaldskostnadane.

Prioriteringar på kort sikt (1-3 år)

Badeplassen har hovudprioritet då det er den som vil gje best utteljing for byen på kort sikt. Her trengs det ca. 1 million kroner for å realisere eksisterande planer.

Infrastrukturen er viktig å komme i gang med: Tilkomst, parkering og stiar/vegar bør planleggast, prosjekterast og gjennomførast. Her vil ein måtte påskunde prosessen med å avklare de eigedomsmessige tilhøva i delar av parken, samt forholdet til kommunen med omsyn på gjennomføring og disponering av areala. Når vegar er opparbeida, kan ein starte kultiveringa av grøntareal og avdekking/istandsetting av krigsminne. Det vil venteleg gå med ca. 2 millionar kroner til desse prosjekta.

Grill-/dugnadsstove og veg gjennom hovudarena til utsiktspunkt og krigsminne vurderast å ville koste ca. 0,7 millionar kroner.

Arbeidsplassar

Avhengig av driftsskala, ventast parken å ville sysselsette 1-3 årsverk i full stilling. Ein ser føre seg at eit 10-talls skoleungdom i sommarmånadane vil stå for vedlikehald og drift av de ulike attraksjonane.

Teikningane er laga av Eskil Frøyen Nybø