Skip to content

Velkommen til Sørstrand Folkepark si heimeside

Foreininga Sørstrand Folkepark har som føremål å utvikle og realisere Sørstrand friområde som rekreasjonsstad for fastbuande og tilreisande i Florø. Foreininga sitt arbeid er i stor grad basert på friviljug innsats og den finansierar sitt arbeid via ulike offentlege og private støtteordningar samt gåve. Foreininga treng medlemmar som ønskjer å bidra enten økonomisk eller på annan måte. Les meir om oss her, og ta gjerne kontakt.

Glimt frå Sørstrand

Søndag 22. Januar.

Stadig fleire tar turen til Sørstrand. Her er det steiking av pannekaker i friluft. Det duftet herlig 8-)

Aktivitetsjungel på Sørstrand

Aktivitetsjungelen som DNB-Stiftelsen støttar med 250 000, blir del av ein park med ulike aktivitetar for liten og for stor. Parken er meint å ligge på begge sider av vegen (som vart vøla i haust) fram til Grillhytta. Til å utvikle parken treng vi eldsjeler som ønskjer å vere med i utforming og gjennomføring. Desse eldsjelene kan vere lag eller einskilde som brenn for å skape aktivitet i nærmiljøet. Lag som speidaren og 4H ser vi på som naturlege samarbeidspartnarar, likeeins barnehagen og skulen. Vi ser føre oss ein prosjektorganisasjon med mandat om å fylle parken med innhald og stå for gjennomføring. Ta kontakt med oss på epost eller telefon, enten du har tips eller ønskjer å delta.

Sørstrandglimt

Eit lite bål og grillpølser. Kva meir treng ein for å få ein fin dag ?

Ein vinterdag på Sørstrand

Søndag 8. januar:

 Ein vakker vinterdag, sol og stille. Svært mange benytta godværet til ein tur på Sørstrand. Her er nokre som griller og koser seg på stranda.

.

Og to som har funne seg ein fin utsikt over Brufjorden mot Stavøya.

Opprydning etter «Dagmar»

Di bedrift kan gjere forskjellen

Sørstrand Folkepark har konkrete planar for oppgradering av badestranda på Sørstrand. Du finn teikningar på heimesida som viser korleis stranda vil sjå ut etter ei ansiktsløfting. Dette er eit løft til glede for ein heil by og skal etter planen stå ferdig til Jonsok 2012. Vi treng pengar for å kunne realisere planane, og vil utfordre både privatpersonar og bedrifter om å støtte oss gjennom vinteren med pengegåver. Vi har gode eksempler til etterfølging, der lokale bedrifter har gjeve kr 5000 til foreininga. Vi oppfordrar fleire til å gjere likeeins!

Slik vil den nye stranda sjå ut!

Industri Energi Ewos sponsar Sørstrand Folkepark

Vi fekk gladmeldinga denne veka om at årsmøtet i Industri Energi Ewos vedtok å løyve kr 5000 til Sørstrand Folkepark. Det set vi utrolig stor pris på, og håper at andre bedrifter let seg inspirere til å gjere likeeins. Vi treng kvar krone vi kan få til oppgradering av stranda og området rundt.

Stormflo

Sørstrand fredag 25. november 2011.

Kajakk i solnedgang

… Fann ingen elg…